tysdag, oktober 28, 2008

TAKKNEMLIGHET


Idag skal eg vere veldig personleg. Forrige torsdag på veg til storhavnmøte i Bergen blir eg akutt dårleg på bussen. Hovudverk, ekstreme smerter som lyn frå klar himmel, heilt uventa. Kva skjer tenkjer eg..og besvimer. Ja, ei ekkel oppleving, men så kjem det : eg blir tatt hand om på ein fantastisk måte. Fyrst av bussjåføren som med stor omsut tilkaller hjelp og deretter helsevesenet. Ambulansen kjem fort til og med kyndig hjelp blir eg frakta til Haukeland Sjukehus. Jammen er vi heldige i vårt gode kjære fedreland Norge som har eit helsevesen som fungerer som er på plass når du treng det. Dyktige folk med stor kompetanse og ingen tilfeldigheter. Alt blir sjekka og etter ei natt på sjukehus blir det stadfesta at alt er iorden med meg. Ingen fare, og eg må ha hatt eit tilfelle av akutt migrene. Ja, alle kan me bli sjuke og alle blir me sårbare i ei slik situasjon. Til og med ordføraren kan bli sjuk, og når det skjer så plutseleg og noko dramatisk på bussen så er eg glad og takknemleg for at hjelpa er der. Eg blir audmjuk, eg blir stolt over å kunne seie TAKK. TAKK for hjelpa til sjåføren på bussen, TAKK til dyktige ambulansepersonell, TAKK til spesialisthelsetenesta på Haukeland, TAKK til alle gode vener, kollegaer i politikken som har tenkt på meg og kome med varme helsingar. Nå er eg heilt iorden att, heilt klar, frisk og rask og satsar på at denne migrenen var eit eingongstilfelle. Gler meg til kvar dag eg kan få virke som ordførar og jobbe med politikk på heiltid. For eit privilegium, eg er så heldig. Nå skal eg opne Juvikstølen barnehage imorgen. Gler meg som eit barn, ein flott barnehage med dyktig personell som set barna i høgsetet og gir gode opplevingar med godt pedagogisk innhald. Følg med på bloggen så får du talen min etter kvart.

2 kommentarer:

FR sa...

Takk til deg! Takk for en ærlig og fin kommentar, takk også for det engasjementet du hele tiden viser og bruker!

Ta vare på deg selv, vi heier på deg!

Astrid Aarhus Byrknes sa...

I like måte Filip. Gjett kven som heier på deg!! Set stor pris på deg og arbeidet du gjer.