fredag, november 21, 2008

Eit varmare samfunn

Fygjande er henta frå eit innlegg i lokalavisene som samarbeidspartia har skrevet. Eg vil presisera at nokre av dei tiltaka som det står om faktisk er samrøystes vedtatt i kommunestyret forrige år, og nestes år investeringar er det også stot sett semje om å få til. Fleirtalet har dette med i sitt framlegg til busdjett, men også nokre andre parti vil fremja dei same investeringar.

I veka som var kunne vi lese om nokre tankar nyvald leiar i Lindås Ungdomsråd, Mette Valde, hadde kring politiske prioriteringar i kommunen og på mange punkt er vi samde med ho. Det har vore ei uhaldbar situasjon i Lindås kommune med tomme symjebasseng og det er naudsynt med betre idrettsanlegg på Lindås. Politikarane har ikkje makta å finne midlar til dette tidlegare, og vi er difor svært glade for at fleirtalet i kommunestyret (FrP, H og KrF) har satt av midlar til fylgjande:

nytt idrettsanlegg på Lindås (5.5 millionar kroner)
kunstgrasbane på Seim
kjøp av tomt til aktivitetsområde i Alversund
restaurering av terapibassenget i Knarvik (LOAS-bassenget) (5 millionar kroner)
symjebasseng på Ostereidet (10 millionar kroner). Dette vil gi betre symjeopplæring og redusere tida elevar nyttar til skyss til og frå bassanga i Matre og Modalen
Kraftlagsbyggjet i Alversund som del av ”KRAFT-satsinga” (1 million kroner). Byggjet skal innehalde kafé, musikkverkstad, filmklubb mv.

Fleirtalet i Lindås kommunestyre er ikkje utvitande om at det er problem og utfordingar knyt til ungdom og rus. Vi er difor i kontakt med politi, frivillige lag og organisasjonar, og bekymra foreldre. Vi jobbar aktivt med dette gjennom til dømes senterkontakten SALTO, som vi og styrkar i 2009. Over 5000 unge har besøkt SALTO sidan oppstarten tidlegare i år. Vi aukar og satsinga på lag og organisasjonar gjennom ei auke i kulturmidlane med ein million kroner for 2009. Eit anna døme på at vi satsar på ungdom er gjenopprettinga av ungdomsrådet, kor Valle sjølv er leiar. Ungdomsrådet vart lagd ned i førre periode. Dagens fleirtal satsar på barn og unge, og syntes det er viktig at og ungdom er engasjerte på fritida si.

VI ynskjer å koma i direkte dialog med ungdom, noko som nok vil vera enda meir fruktbart enn ein avisdebatt. Vi trur vi kan få dei gode diskusjonane i opne møter kor alle kan delta. Ordførar og varaordførar vil difor verte glade om dei vert invitert til møta i ungdomsrådet. Ungdomsrådet vil då og kunne få god informasjon, som dei kanskje ikkje har i dag. Vi ynskjer å ta dei rette avgjerder saman med ungdomsrådet. For å få til det er det naudsynt med gode prosessar. Vi diskuterer gjerne kultur- og samfunnshus og aktivitetstilbodet når ungdomsrådet sett det på sakskartet sitt.

Valle meiner at det er feil å prioritere ny kyrkje i Knarvik og ho har rett i at det er mange kyrkjer i Lindås i dag. Men kyrkjene er gamle, og bygd i ei anna tid med andre behov. Knarvik har dei siste 40 åra vakse frå lynghei til regionsenter. Lindås treng ei kyrkje i dette regionsenteret, kor folk bur, arbeider, går på skule og oppheld seg på fritida si. Eit moderne samfunn treng ei moderne arbeidskyrkje kor det kan yre av liv får morgon til kveld sju dagar i veka, med eit mangfaldig tilbod til barn, ungdom, vaksne og eldre. Kyrkja er og ei satsing på ungdom.

Det vert difor feil å setja ny kyrkje opp mot satsing på ungdom. Vi må heller sjå korleis ulike tilbod kan utfylja kvarandre og korleis vi samen kan lage det gode, varme samfunnet som vi ynskjer, og som også leiar i Lindås Ungdomsråd, Mette Valle etterspør. Vi trur nysatsinga på ungdomsrådet difor er ein god moglegheit til å få til eit betre tilbod til ungdomane i Lindås.

Ingen kommentarer: