søndag, november 23, 2008

Så kom jula til Eknesvågen


Då har eg hatt nok ein fantastisk dag i Lindås kommune. I ettermiddag fekk eg den store glede og ære å få tenne julegrana på Eknesvågen kai. Ei høgtidsstund og ein ettermiddag med mykje fin kultur, underhaldning og gode ord. Dette er 2.gong eg tenner julegrana der og er veldig takknemleg for dette oppdraget. I tillegg til helsinga mi så song eg ilag med Leif Sleire. Leif er formannskapsmedlem ( H )og vi har eit godt samarbeid både i politkken i Lindås og gjennom sang og musikk. Kjempekjekt å kunne få syngje julesonagr der på kaien. Så var det fint å få helse på dei mange frammøtte, store og små. Snakke litt om viktige vegval i Lindås, politiske saker og ikkje minst gode attendemeldingar om at vi er på rett veg i kommuneutviklinga. Det er eit privilegium å få møte så mange flinke og dyktige frivillege. Eknesvågen vener gjer ein stor innsats for bygda, og eg er stolt og glad for å få møta dei og bidra litt på min måte som ordførar. Ordførar praten i bokkafeen skal fortsetja også i 2009 og det ser eg fram til. Gode debattar, kreativitet rundt utvikling og vekst vil stå sentralt også neste år. Eg gler meg allerede...

Ingen kommentarer: