onsdag, februar 18, 2009

Det går så det susar i Lindås

Ikkje verst å vere på 1.side i avisa Nordhordland. Ja, med den overskrifta at Lindås går så det susar så blir ein litt glad. Eit historisk mindreforbruk gjer at Lindås står i ei særstilling når det kjem til kommuneøkonomi. At vi allikevel er svært sårbare må også takast med i det reknestykket. Dette fordi vi er heilt avhengig av denne ekstra inntekta som eigedomskatten gjev slik at vi kan ha det høge og gode nivået på tenestene våre. Dersom det kjem endringar i eigedomskattelova så er vi i ein svært vanskeleg situasjon. Vel, no skal vi sjå korleis vi skal forvalte dette mindreforbruket til det beste for alle. At der er mange gode prosjekter på gang det er sikkert, og vi treng sårt å betale ned på skuld og gjeld...samt tenkje nye framtidige investeringar. MEN: fyrst må pengene sikrast!! Vi er ikkje i mål med takseringsarbeidet, og vi har og nokre som har klaga på taksten. Så skal kommunestyret ta stilling til korleis midlene skal brukast eller sparast..eit spanande arbeid ventar, og det er flott å vere lokalpolitikar når vi har handlingsrom og slepp bruka sparekniven heile tida. Ja, overskrifta stemmer : Lindås går så det susar, og det håpar eg vil vare lenge og at midlene blir sikra.

Ingen kommentarer: