fredag, juni 14, 2013


Kongshaug får statsstøtte likevel
Fredag bråsnudde de rødgrønne partiene og gir 3,3 millioner til kristent musikkgymnas.
HURRA for Kongshaug, og tusen takk Kristin forat du høyrde på oss :-)

torsdag, juni 06, 2013

Ei bøn til kunnskaps departementet

Kjære Statsråd Kristin.
Kvifor tok du vekk likebehandlingstilskotet på 3 millionar til Kongshaug, berre med eit pennestrøk ?
Kva har eigentleg skjedd ?
Kvifor skal ikkje Kongshaug få eit ekstra tilskot til musikk, når toppidrettsgymnaset får det til idrett?
Kva er det som gjer at ein kuttar midt i eit skuleår ?
Kvifor kan du ikkje få tilskotet på plass att no når du ar fått gd kjennskap til kva dette betyr for skulen, og for den einskilde elev og at det som har skjedd skaper uforutsigbarhet for skulen.
Eg kjenner til at stortingsrepresentanter både i Ap, Sp ynskjernat tilskotet sal inn att, og eg eit at også opposisjonen vil dette.
Kan du ikkje kjære Kristin bruke pennen din, skrive talet inn att i revidert budsjett 2013, så vil du glede mange, og gjenopprette rettferd og likebehandling .
Kjære Statsråd Krstin :
Lytt til Kongshaug Musikkgymnas, og hugs " det er ingen skam å snu ".
Vi venter på eit gledebodskap i revidert, please...Kristin


laurdag, mars 19, 2011

HØG AKTIVITET

Ups..det er ikkje kvar dag eg får oppdatert bloggen min, så no ser eg det er på tide. Kva er min unnskyldning for det spør du kanskje?? Har vel ingen annen forklaring enn at eg må skulda på høg aktivitet. Det skjer så mykje her i kommunen vår, og det er flott for då er det vekst, utvikling og giv. For tida jobbar eg mykje med både saka som gjeld luftspennet i Nordhordland, førebuingar til ulike møter som gjeld næringslivet vårt, poltiske utvalsmøter, arealdelen i kommuneplanen, samfunnsdelen, snøggbåt mellom Knarvik/Frekhaug - Bergen, samferdsleutfordringar på fylkesvegane spesielt, Lindås idretts og kulturpark osv... Dei siste dagane har eg vore med på svært kjekke og viktige arrangement. Årsmøte i Hordaland bondelag som var på Westalnad hotell. Der fekk eg opne og saman med leiar i levekår May Eva Sandvik så skreiv vi helsing på bodstikke pergamentet som no er på veg til Oslo og Stortinget! Landbruket er ei viktig næring og som vi alle er heilt avhengige av. Mat og drikke treng vi alle, og med eit godt landbruk så får vi og levande bygder og dette betyr mykje for all næringsutvikling enten det er olje og gass eller anna næring. Vi treng kvarandre, vi treng entrepenørskap også i landbruket med innovasjon og nye tankar og idear. Vi må setje mot i kvarandre, sjå moglegheiter og tenkje nytt. Så har eg fått vere med Christian reinshol - vår klimarådgjevar i kommunen til Solhaugen barnehage. DEn er no blitt eit MILJØFYRTÅRN, og det vert gjort eit flott arbeid i den barnehagen. Fredag 18.mars fekk eg også overrekt ein flott sjekk på heile 330.000 til klatrevegg i Lindås idretts og kulturpark. Gåva som er stor og viktig kjem frå Sanitetslaget på Lindås, og desse flotte, dyktige damene går i bresjen for folkehelsa i ordets rette forstand når dei ynskjer å dele desse pengene med Lindåsbygda og dei mange barn og unge. Så i dag har eg vore i Nordhordlandshallen. Der er det fotballcup, og kl 12 fekke eg dele ut Leif Øksnes Minnepris til ei flott dame frå Myksvoll - Samhald II-4H og TORUNN FESTE. Ho er ei ekte ildsjel og frivillig i bygda og gjer ein kjempeinnsats for mange der ute. Til veka er det politiske møter att, mange saker på dagsorden som vi må prøve å finne dei beste løysingane på og som får gode vedtak:) God helg til alle!!

måndag, januar 31, 2011

LUFTSPENN I NORDHORDLAND??NEI-TAKK

Så kom innstillinga frå NVE i dag i forhold til dei omsøkte kraftlinjene
Mogstad-Kollsnes. Vi har venta i spenning på denne innstillinga, og til vår store forbauselse så har altså NVE valgt det verst tenkelege alternativet både for Lindås sin del, men også for Austrheim og Radøy. For Øygarden er det det " nest verste " seier ordførar Olav Martin Vik. Dette alternativet er i fylgje NVE sjef Agnar Aas det mest økonomiske, og det er dei forplikta til å sjå på. No er dette som har kome i dag ei innstilling, og siste ord i saka er ikkje sagt. Eg forstår sjølvsagt at vi har ein anstrengt straumforsyning i BKK området, men den straumen let seg gjera å få i kabel enten på land eller i sjø. Vi gir oss ikkje endå, no må vi få ein god og grundig politisk prosess, og no er det vår tur i Nordhordland til å kome til bordet hos Jens Stoltenberg og Terje Riis Johansen. Vi krev kabel i det flate kystlandskapet vårt, eit område med svært store kvalieteter, der fugleartar no er trua, men det viktigaste av alt: HER BUR MANGE MENNESKER som blir berørt og det i alle 4 kommunane. Vi seier NEI - TAKK til luftspenn i Nordhordland.

laurdag, januar 01, 2011

NYTT ÅR 2011

1.dag i 2011. Sola skin, Tour de Ski på fjernsynet, snart tid for å lage middag og ikkje minst tid for å fundere og lure på kva det nye året vil bringe. Eg tenkjer på mulighetene som ligg foran, alle gledene, der vil også bli sorger, frustrasjoner, vanskelege ting og saker, men trass alt så skal vi få bruke kvar dag vi får og vere takknemleg for den.
Eg kan ikkje spå kva dagane vil bringe, men eg ynskjer at eg kan få bruke meg sjølv også i 2011, eg ynskjer å vere til hjelp for nokon, eg ynskjer at vi alle skal vere opne og ærlege, og politisk ynskjer eg å fortsatt ha eit godt samarbeid med alle slik at vi saman finn dei beste løysingane på dei saker som ventar oss i 2011. Tverrpolitisk og samrøystes har vi vedtatt eit budsjett for 2011 og ein økonomiplan. Dette forplikter oss alle, og der ligg mange gode tenester og aktiviteter for innbyggarane våre i det budsjettet. Så ligg der også kutt og nedskjæringar. Dette må skje på ein best mogleg måte i samarbeid med tenesteeiningane og ikkje minst i samarbeid og samråd med arbeidstakar organisasjonane. Arbeidstakar organisasjonane i Lindås gjer ein stor innsats og eit godt arbeid. Dei er viktige for oss alle, og eg ynskjer å spele på lag med dei og mitt nyttårs ynskje er at vi kan ha god dialog, gode fora for diskusjon og samråd også i 2011. Vi treng kvarandre, poltikarane, organisasjonane og administrasjonen i Lindås kommune. Får vi til dette samspelet kan vi gjere mykje godt arbeid. Mykje spanande skjer også i 2011 som bygging av Lindås Idretts og Kulturpark.Det ser eg fram til, at den skal reise seg og Lindåsbygda og bygdene omkring endeleg skal få si etterlengda storstove som dei har jobba så godt med å få til. Kanskje vi også blir landets kulturkommune i 2011?? Vi må krysse fingrene for det og berre håpe...eg trur vi har ein god sjanse til å nå opp. Så håpar eg vi får forutsigbare inntekter i 2011 gjennom eigedomskatten og då tenkjer eg spesielt på rettsaka mellom Statoil-Mongstad og Lindås kommune. Eg synes det er beklageleg og leit at Statoil har saksøkt kommunen, så no får me sjå korleis det går. Eg ynskjer for 2011 å ha fokus på nærings utvikling, oppvekst, omsorg og kultur så det er berre til å jobbe på vidare for at vi skal ha ein god og utviklande kommune. Godt nytt år Lindås:)

torsdag, november 11, 2010

KULTURKOMMUNEN LINDÅS

I dag fekk vi endeleg vite svar på vår søknad om å bli kulturkommune i Hordalnd 2010. Med stor forventning entra eg kulturkonferansen til fylkeskommunen på Hotell Norge i Bergen. Det var ikkje enkelt å halda seg roleg når fylkesvaraordførar leste opp kristeriene, og juryens meining om årets kulturkommune...så endeleg blei det sagt: årets kulturkommune er LINDÅS. Hurra,hurra, hurra! Ja, vi har jobba godt dei siste åra med å setje kultur på dagsorden. Kommunestyret har samrøystes vedtatt kulturplan med kulturminneplan, vi har auka opp kulturmidler til lag og organisasjonar slik at vi i dag deler ut over 2 mill.kroner årleg. Ungdomsrådet er oppe og går og deler ut 125.000 til gode ungdomstiltak, vi har ny bokbuss, byggjer Lindås Idretts og kulturpark, nye kunstgrasbaner, skal i gong med Storstova på Leknes, kyrkje i Knarvik...om kommunestyret vil...så her skjer enormt mykje på kulturfronten.
DEn viktigaste ressursen vi har i kommunen er innbyggarane. Det er takka vere dei alle, den einskilde, dei frivillege, lag og organisasjonar som er sjølve LIMET i kommunen vår som gjer at vi idag blei kåra til kulturkommune. TUSEN TAKK til alle dykk som dag etter dag står på for å lage gode møteplassar, aktiviteter, konsertar, dans, idrettsarenaer etc..de gjer alle ein kjempeinnsats. Kommunen skal og vil vera ein tilretteleggar, ein pådrivar og i samarbeid skal vi få til mykje i Lindås. Ennå er det mykje ugjort, men vi er på veg...no kan vi glede oss over dagens kåring, og eg ser fram til at vi skal markere denne hendinga. No må vi berre setje oss ned og finne ut kva vi skal gjere, eg gler meg allerede. Ha ei superfin helg alle saman.

søndag, oktober 10, 2010

Stor aktivitet i kommunen

Formannskapet i Lindås hadde forrige torsdag økonomisemninar. Då var det gjennomgang av økonomirapporten 2.tertial samt god informasjon om pensjonsreformen og statsbudsjettet for 2011. Vi har i Lindås kommune eit høgt tempo for tida. Her er mange investeringar, og vårt investeringsbudsjett for 2010 er så omfattande at vi ikkje klarer å få i gong alle tiltak. Dette fekk vi no orientering om. Vi er priviligerte i Lindås som kan setje i gong nye tiltak. Alt i frå ny idrettshall på Lindås til mindre investeringar. Drifta har auka, der er ansatt mange nye årsverk i pleie og omsorg, og vi ser at den eininga vil krevje meir. Eg ynskjer vi skal ha ein god eldreomsorg i kommunen vår. Dei eldre treng god omsorg og variert tilbod. Difor er eg glad vi no skal byggje nye omsorgsbustader på Ostereidet. Lyngtunet som vi så absolutt treng vil koma sjølv om vi no har utsatt det heile litt. Eg meiner det viktig at vi veit kva innhald og driftsmodell vi skal ha for Lyngtunet, og fram til no er det enno uklart. Det er difor vanskeleg for lokalpolitikarane å ta stilling til dette prosjektet no, men eg håpar at vi får snarleg utgreidd kav Lyngtunet skal vera. Er det sjukeheimsplassar i bufelleskap vi snakkar om ? er det omsorgsbustader med heildøgns omsorg som beburen sjølv leiger vi snakker om ? Er det ein mellomting ? Er det demente som kjem frå heimen , eller er det både demente og dei som treng eit skjerma innhald og omsorg vi skal ivareta - kanskje det er begge deler? Skal vi ha eit dagsenter i same komplekset, eller skal dagsenteret vere ein annan stad? Ja, her er mykje som må utgreiast, men eg er ikkje i tvil at vi treng Lyngtunet, og vi treng sjukeheimsplassar snarast. Ellers er det mykje flott i kommunen vår. Kulturen blømer, og det blir spanande om vi får status som kulturkommune for 2010. I kveld har Eikanger - Bjørsvik musikklag konsert, der er aktivitet i bygdene og forrige søndag hadde Skodvin skulemusikk flott konsert på Dalheim i lag med både juniorar og seniorar. Ballbinge på Kløvheim er teken i bruk og utover hausten blir det fleire arrangement der vi hyllar Aslaug Laastad Lygre - vår kjære Lindås lyrikar som 12.12 ville vore 100 år om ho hadde levd. Statue av Ivar Medaas skal på plass i Knarvik senter, ja, her er svært stor aktivitet og det GLER VI OSS OVER. God søndag til alle:)

tysdag, september 21, 2010

GRATULERER LINDÅSBYGDA

I går fekk eg den stopre glede og ære av å foreta det fyrste spadetak for Lindås idretts og kulturpark. Endeleg er vi i gong med å byggje fleirbrukshall på Lindås. At dette no er mogleg er TAKKA vera alle dei eldsjeler i Lindås idrettslag som har stått på i årevis for å realisere dette prosjektet. TAKK forat de aldri gav opp, TAKK forat de stod på og hadde eitt mål for auga: å realisere denne draumen. TAKK for at de har gått mange steg i korridorane på rådhuset, TAKK for alle møter de har hatt, og TAKK for engasjement i så mange år. Så vil eg TAKKA næringslivet vårt ved Statoil- Mongstad, Frank Mohn og BKK for uvurderleg støtte i form av finansitering. Saman med Lindås kommune så har vi no fullfinansiering på plass, og neste haust er det klart for opning og fest på Lindås i ny hall. TAKK til eit samrøystes kommunestyre som 16.sept. 2010 gjorde dette historiske vedtaket om igangsetjing. No gler vi oss alle på vegne av Lindåsbygda , men og omliggande bygder og heile Lindås kommune for reaslisering av Lindås idretts og kulturpark. Eg gler meg til å sjå hallen reisa seg, estetisk, universelt utforma og høg kvalitet og med palss til mange aktiviteter for born og unge, vaksne og eldre. Folkehelseperspektivet skal vi og ta med, aktivitet er viktig for helsa og for utvikling av mennesket. GRATULERER til alle, dette skal bli bra.

onsdag, august 18, 2010

Ein open resepsjon

I dag har eg opna det nye kundemottaket eller " den nye resepsjonen " på rådhuset i Knarvik. Lindås kommune har fått eit framtidsretta, inkluderande og kvalitets lokale for å betre kunne ta imot innbyggarane i Lindås. Eg er veldig glad for at vi no har fått de i våre teneste tte til. Kommunestyret bevilga 500.000 til dette føremålet, og i dag ser vi eit godt resultat utifrå dei rammene og det arealet vi hadde til rådighet. Ikkje minst er eg nøgd med at vi no får ein sakshandsamar frå byggesak som skal vera tilstades i resepsjonen kvar dag frå 9 - 15, så no er byggesaksavdelinga open utan at ein må bestiklle time på ein tirsdag eller tosdag. No kan innbyggarane møte opp og få hjelp, veiledning og gode råd, og ikkje minst få ivaretatt sine saker på ein god måte. Sjølvsagt må ein kanskje gå djupare inn i ei sak ved at ein må avtale meir tid hjå ein sakshandsamar, men ved å ha tilgjenge på fagleg kompetanse i resepsjonen så er vi på veg til å bli betre. Å bli møtt med raushet og eit ope sinn er viktig, respekt og inkludering likeså betyr mykje. Eg ynskjer meg ein kommune der vi tek innbyggarane på alvor med respekt og audkjukhet uansett om vi er samde eller usamde i saka som ein har. Alle skal ha lik handsaming, og eg vil vera med å utvikle dette i våre teneste einingar. Verdi orda i organsisajonen og vår samfunnsvisjon må visast att i praksis i det daglege virke både hjå ansatte, leiarar og politikarar. Eg er glad for den " nye " resepsjonen. Kom innom Lindås rådhus og velkomen også til mitt kontor og til å ta konatkt med meg.

måndag, juli 05, 2010

Eit veganlegg for framtida

Så er det øyeblikk tid for å opne formelt veganlegget i Knarvik sentrum. I morgen kl. 12.oo skjer det, og eit godt og framtidsretta anlegg blir opna. Rundkøyring og kommuneveg, alt heng nøye saman, men ikkje minst rundkøyringa gjer no at vi får ei smidigare trafikkavvikling i Knarvik, samt at der er gjort grep på trafikksikring. Universell utforming er satt høgt, og eg håpar framkomelegheit no vert bra. Rundkøyringa er eit samarbeidsprosjekt mellom Knarvik senter AS, Statens vegvesen og Lindås kommune. Dette anlegget har vi forskotert med 15 millionar kroner. 10 mill.kjem frå nøringslivet v/ Knarvik senter AS og 5 mill. frå Lindås kommune. Knarvik senter AS har vore byggherre. Ellers så er det lagt ned betydeleg arbeid også i infrastruktur under bakken. Alt dette for eit framtidig Knarvik, og difor er alt framtidsretta og nøye planlagt. Allereie merkar vi som bur i Knarvik at avviklinga i trafikken gåt smidigare. Det er er herleg å merke etter ein lang vinter og lang byggeperiode med sine utfordringar og ulemper. TAKK til alle gode tolmodige innbyggarar som har måttet tole mykje dette siste året. No blir det betre. I morgen blir det folkefest i Knarvik senter med kake og kaffi til alle. På scena møter du Rebekka og Maria Eikefet, samt Vegard Eide m/ band. Vidare blir det helsingar frå kommune, Knarvik senter og Statens vegvesen. ALLE ER DE HJARTELEG VELKOMNE:) Håpar eg ser deg i morgon:)

fredag, juni 11, 2010

TRIST OG LEIT

I dag må eg skrive nokre tankar om Lindåsskulen. Etter ein lang prosess med kommunedelplan for skule så gjorde kommunestyret i går vedtak om å leggje ned 3 skular. Eit fleirtal med FrP, AP og ein uavhengig representant fekk fleirtal 16 stemmer og faktum er skulenedlegging. Vi var 15 som stemte mot, og vi fremma eit justert O alt.som gjekk ut på å vidareføre dagens skulestruktur. Eg tapte saka, og kjenner meg trist og lei og tom. Det kjem nye dagar..og eg må forholde meg til vedtaket, og som politisk leiar må eg sjå til at dette går greitt for seg. Det som no er viktig er å ta vare på borna - elevane, at der blir gode prosessar i tida som kjem, og at dei blir forklart situasjonen på ein god måte. Det vondt og leit for alle som no misser skulen sin, og eg kjenner meg så hjelpeslaus. Demokratiet er slik - eit knappast mogleg fleirtal snudde saka, og det kunne vore motsatt at vi fekk behalde skulane med knappast mogleg fleirtal...slik er det i politikken. No får eg la vedtaket synke litt, eg får tenkje igjennom kva dette vil betyr, og så får tida vise kva som bør gjerast. Det har vore ein lang tur fram mot vedtaket i går, og vi har jobba på, vi har forhandla, vi har grundig gått igjennom økonomi, kvalitet og bygg...det har vore krevjande for alle parti. Saka i går gjekk fint for seg, med ein sakleg og god debatt. TAKK til alle som kom for å høyra på frå bygdene, TAKK for alle oppmuntringar, telefonar og sms ar eg har fått,det varmar.

onsdag, mai 19, 2010

GLADE MAIDAGAR

Mai månad er ein nydeleg månad. Ikkje berre har vi mange fridagar til disposisjon, men vi ser korleis naturen kviknar til med eit fargespekter som varslar håp og nye dagar! Mai månad er og månaden med nasjonaldagen vår som betyr så mykje for oss. Eg hadde ein herleg 17.mai der eg fekk kome innom heile 3 ulike bygder i Lindås kommune. Dagen min starta i Alversund med Gudsteneste i ei stappfull kyrkje. Her var pianist Rune Alver og vi fekk høyre Grieg og Halvorsen - nasjonal musikk - norsk på alle måtar. FANTASTISK. Stor takk til Rune forat han var med å løfta Gudstenensta musikalsk. Barnekoret Sing Singeling var også med. Ein herleg flokk med songglade barn som gav av seg sjølv under dyktig leiing av Therese H.Aakre. TAKK til koret og dirigenten for de som de gav oss alle, ei stor oppleving. Så var det 17.mai tog og tale før eg køyrde vidare til Leknes. Også der eit flott program med barnekor, Mannskoret og Blåseorkesteret, kjekke folk altså ei god stund. Siste stopp på taleferden min 17.mai var på Stranda. God mat og godt selskap. Ein nydeleg stad og ei fin stund med god song, musikalsk tonefylgje frå Trond Fykse og med ein dyktig konfransier i Sveinung Toft. TAKK forat eg fekk vera med på dette. Mai er også månaden for revidering av budsjettet og starten på neste års budsjett gjennom økonomiseminaret til formannskapet. Krevjande, men veldig interessant og viktig arbeid. Kva skal prioriterast? Kva oppgaver og tenester skal det satsast meir på? Vi har ein stor jobb foran oss. Med lyse og gode maidagar så hjelper det oss å halde humøret oppe...folkens : det går mot sommar. Ha ei fin maitid:)

torsdag, april 22, 2010

SPRINGBRETTBUSTADER

Så er det idag duka for eit nytt kommunestyremøte i Lindås. Mange viktige saker som politikarane skal gjera vedtak på. Kva betyr desse vedtaka for innbyggarane? Eg må alltis spør meg sjølv foran alle saker : kva konsekvenser har vedtaket vi vil gjera for den enkelte, for ei gruppe for alle?? Eg trur det er viktig at ein må sjå heilskapen i alt vi driv på med. I dag skal vi ha opp ein stor og viktig reguleringsplan for Knarvik aust. Her ynskjer vi heilskap og gode og trygge bumiljø. Det snakkes om einebustader, rekkehus, tomanns bustader etc..så må vi IKKJE gløyme springbrettbustader. Dette er noko av det viktigaste å få på plass. Unge og einslege, dei som strevar å kome seg inn på den ordinære bustad marknaden, dei og har rett på å kunne busetje seg i eigen bustad, også i Knarvik. Difor er springbrettkonseptet veldig bra for desse gruppene. Eg håpar kommuenstyre idag kan få dette på plass endeleg, slik at vi fortast mogleg kan kome igong med dette prosjektet som Lindås tomteselskap no legg til rette. Mange ventar på desse bustadane og det vil gje livskvalitet i kvardagen å få dette på plass. Eg ser fram til debatten og til eit godt møte med gode vedtak:)

laurdag, mars 27, 2010

VEKST OG UTVIKLING

For ei vek, for ein giv! Jammen skjer det mykje positivt i kommunen vår. Stadig vekst og utvikling gjev nye utfordringar, men kjekke utfordringar og viktige sådan. Innbyggjartalet veks, der er bedrifter som ynskjer å etablera seg i kommunen noko som gir nye arbeidsplassar og igjen giv og vekst. mange vedtak i kommunestyret har den siste tida blitt realisert og det er bra. På fredag var det reopning av terapibassenget på Læringsenteret, eit viktig tiltak som har kosta vel 5 mill.å gjennomføra. No framstår bassenget som eit lekkert basseng, innbydande for liten og stor og som eg veit vil bety svært mykje for dei gruppene som treng trening i varmt vatn, livgjevande trening. Ny ungdomsklubb på Eknes i Ostereidet skulekrins blei opna frdags kveld med snorklipping og bad taste party! Ordføraren og kultursjefen kom oppdressa i bad taste style, og med sjokoladekake og jubel så blei klubben " ENTRY " opna. Det er viktig i ein vekstkommune å ha gode aktivitetstilbod til born og unge. Vi er gode på kultur i Lindås, på kor, på korps, på idrett, men vi skal og hugse dei som ikkje er med i organsiert aktivitet. Difor er det eit satsingsområde for oss å få gode tilbod ut i distrikta. No har vi fritidsklubb i Alversund og Ostereidet, og neste blir på Lindås. Dette vert no jobba aktivt med, så eg håpar at det blir snarleg opning for ein framtidsretta og god klubb også på Lindås. Dei mange som fekk sitt fagbrev forrige fredag viser også at ungdom og kompetanse er med og bidrar til denne utviklinga. Utan kompetanse stopper mykje opp, så eg vil og nytte høve å GRATULERE dei nye fagarbeidarane vi har fått i Lindås og heile regionen. I dag laurdag har eg fått vore med å offisielt opne takoverbygget på Lindås senter ilag med Trond Helland. Dette vil betyr utvikling i senteret, og ei ny flott " STORSTOVE " til glede for både næringsliv og innbyggarar. GRATULERA til Lindås senter! Ja, det skjer mykje...og det skal vi vera glade for. Så får vi alle vere med å bidra og hugs å ta kontakt med meg om du har innspel til politiske saker eller andre ting du vil gjera meg merksam på. GOD HELG :)

laurdag, mars 06, 2010

HURRA FOR BOKBUSSEN VÅR

I dag har eg opna vår nye bokbuss " NYFIKEN ". Ein flunkandes ny bokbuss til ein prislapp på 2 million. No skal bokbussen ut i bygdene til skulane våre med bokgleder, kultur og underhaldning. Med Eirik som sjåfør og bibliotekar så lovar dette svært bra. Barn og unge i Lindås kan gle seg over denne nye miljøbokbussen vår. I tider der kommunar bygger ned bibliotektenesta og bokbussar forsvinn, så byggjer vi i Lindås opp! Det er viktig med lesing, det er viktig med bøker, tillegne seg kunnskap, sjå i bøker, det er faktisk gøy! Eg håpar mange vil nytte dette tilbodet. Og så er vår bokbuss den einaste av sitt slag i Norge. I Skandinavia er der kun 4 slike bokbussar som vi har kjøpt, så det er jo litt stas! Skular og barnehagar kan no gle seg til bussen kjem på besøk. Den har til og med eit eige boktelt! Nytt tilbodet, kos deg med bøker, og eg ynskjer vårt bibliotek lukke til, TAKK til alle dei flotte medarbeidarane på biblioteket for den gode jobben de gjer:)

måndag, februar 08, 2010

ARBEIDSPLASSAR

Dette med arbeidsplassar i ein kommune og i ein region er utruleg viktig. For heile den politiske leiinga i Lindås så er det eit satsingsområde dette som går på næringsutvikling, trygge arbeidsplassar, skape nye arbeidsplassar og utvikle gode lokalsamfunn. Etter at Statoil og Sogn og fjordane fylkeskommune inngjekk avtale om å flytte rørlager frå Mongstad base til Florø, så er vi mange som ikkje har gitt håpet om å få til ny aktivitet i Mongstad området. Ca 60 arbeidsplassar går no i 2010 tapt på basen pga flytting av rør, utskiping av rør osv til Florø. No er vi i god dialog med Statoil om å få på plass eit prosjekt som heiter INDUSTRIINKUBATOR på Mongstad. Dette vil generere ny aktivitet og nye arbeidsplassar som vi treng for regionen og kommunen vår. Eg vil verkeleg stå på for å få dette til. Samstundes har vi nettopp tilsett ny samfunnsutviklar / næringssjef for Lindås og Austrheim. Dette er eit viktig satsingsområde, og vi har fått ein god mann på plass i denne viktige strategiske stillinga. Han heiter Hogne Haugsdal og vi ynskjer han hjarteleg velkomen. Med Mongstad som satsingsområde framover så vil vi jobbe for nye arbeidsplassar og forat nye innbyggarar skal kome til oss og ta del i vårt lokalsamfunn. 2010 blir eit viktig år for politisk leiing og ordføraren! EG GLER MEG:)

torsdag, januar 28, 2010

KONGENS GULL TIL ELIF B LØTVEIT

Onsdag 27.januar fekk eg vera tilstades i Troldsalen på Troldhaugen for å hylla vår kjære kulturformidlar gjennom mange år : Elif B Løtveit. Kongens fortenestemedalje i gull vart overrekt av fylkesmann Svein Alsaker på vegen av Kongen sjølv. Ein flott konsert var ramma omkring denne store begivenhet, og hovudpersonen sjølv såg ut til å trivast ilag med dei mange musikk og kultur vener frå både Bergen, Nordhordland og ellers frå inn og utland!
Eg hadde helsing frå kommunen, og eg hadde tatt med meg tidlegare elev av Eilif og no fung.kulturskulerektor i Lindås : Åse Hagesæter. Saman framførte vi helsing til Eilif og her er talen vår:

Åse: Eilif B. Løtveit – 910 treff på google…
Dette fortel at du er ein mann med mange jern i elden, og som deltek på utruleg mykje.

Astrid: Eilif, du er ein særdeles alminneleg ualminneleg mann! Du er, eller i alle fall er det det inntrykket me har av deg, alltid interessert. Uansett kva du er invitert til å delta på. Alltid positiv, alltid smilande. Like engasjert, og til dei grader førebudd, anten det er dei eldre på seniorsenter og sjukeheimar, ein konsert med lokale amatørar, eller i større fora, der du er saman med store profesjonelle kunstnarar og tilhøyrarar.

Åse: Eg kan huska engasjementet ditt som lærar frå tida mi på Lindås gymnas. Aldri før, og kanskje heller aldri etterpå, (og eg har hatt ein del musikklærarar opp gjennom åra), kan eg huska å ha møtt nokon som er så engasjert og til dei grader glad i den musikk, og særleg den klassiske musikken. Og dette var berre eit valfag i musikk…Du kunne drøyma deg vekk i ein lyttetime og verkeleg nyte musikken. Fantastisk inspirasjon. Me prøvde jo å imponera deg med opusnummer og sånt òg, og det likte du….Tur til Troldhaugen var ei sjølvsagt utflukt, og eg hugsa eg fekk til og med lov å spele på flygelet til Grieg. Dette fekk eg seinare eit stort bilete av, som du hadde tatt, og til og med forstørra, og sende meg i julegåve! Gjett om eg var kry!

Astrid: Namnet ditt, Eilif B.Løtveit, er som sagt eit namn det står stor respekt av, og som går att i utruleg mange samanhengar. Du driv med omvisning, du er levande engasjert i Musikkens Venner i Nordhordland, du deklamerer, du er konferansier, du er ”Troldhaugens store sjel”, stod det ein plass (tenkte kanskje det var Edvard Grieg, eg?), i referat frå ting du har vore med på står det; ”og som vanleg var det Eilif B. Løtveit som fortalde / heldt foredrag / las dikt / var konferansier / ….” Ja, de forstår kor eg vil hen.

Ein stor mann som deg fortener verkeleg denne utmerkinga. Og me i Lindås kommune unner deg stort ei slik merksemd. Me er verkeleg stolte av deg, Eilif. GRATULERER MED DAGEN!

søndag, januar 17, 2010

MINNEPRISEN ETTER LEIF ØKSNES


Laurdag 16.januar blei ein fin dag. Eg fekk dele ut Leif Øksnes Minnepris i Nordhordlandshallen under fotball cuoen der. Hallen var full med unge som var i aktivitet med fotballen, og utallige frivillige var med å gjorde dette mogleg. Ramma var difor perfekt til å dele ut prisen til ein ekte ildsjel som har stått på med fotball for barn og unge i alle aldrar over svært lang tid. Mange gode kandidatar for styret å ta stilling til, men denne gong vart det ein ekte Alvidra gutt som fekk prisen og han heiter JAN FOSSE. Han stikk seg ikkje ut, men er den som verkeleg jobbar på i det stille, tek eit tak, trenar lag, er fortballdommar som dømer kampane rettferdig og med eit lunt glimt i auga! TAKK skal Jan ha for den formidable innsatsen han har gkort og som han framleis gjer for mange i Alversund og Knarvik. Prisen er eit fint diplom og avkastningen på fondet som iår var på 3700.- GRATULERA til Jan og heile fotballmiljøet i Alvidra og NBK.

søndag, desember 20, 2009

JUL, JUL, STRÅLANDE JUL

4.søndag i advent, og alle fire lys er tent. Kun få dagar til julaften og vi skal igjen få feire julehøgtid med frelse og fred. Det har vore hektiske dagar for meg den siste tida med budsjettmøte og oppfølging i dagane etterpå med både media og berørte partar i budsjettet.Vi har fått eit godt budsjett, men vi må nok allerede i juni 2010 både revidere det og sjå samanhengen i langtidsbudsjettet / investeringsbudsjettet på nytt. Den tid kjem nok fortare enn vi anar, men no skal vi fyrst feire jul og deretter gå mot våren !!
Eg er altså så heldig og priviligert som får vere ordførar i Lindås, og det meiner eg sjølv om det er mange ting å forholde seg til både av gleder og mindre kjekke ting. Det kan være tøft å være lokalpolitikar vi skal setje oss inn i mykje. For meg som har eit verv i 100 % som blir godtgjordt det er ein ting, men for dei andre representantane som er i vanleg jobb i tillegg så er det travle tider. Eg er så imponert over vårt kommunestyret som har vilje til å finne gode løysingar på tvers av partigrenser, som er villeg å bruke si fritid til å få dette til, som brukar mykje tid å setje seg inn i store problemstillingar. Kjære innbyggjarar : de skal vite at Lindås har eit svært oppegåande kommuenstyre der alle gjer ein fantastisk innsats. Håpar verkeleg alle får ei strålande jul, og det håpar eg for alle i Lindås kommune. Idag 4.søndag i advent er det duka for ny lysfest ved Kvassnesstemna. Nordhordlands Avis er vertskap og dei har gjort dette til ein flott tradisjon som vi set stor pris på. Mi helsing idag til dei og folket vil bli akkurat dette : å vere takksam for at nokon tek på seg det ansvaret ved å lage istand slike gode tradisjonar og møtepunkt. Om vi alle hadde vore flinkare inkludert meg sjølv til å sett våre medmennesker, sagt eit godt ord til oppmuntring og glede, sett det positive istaden for å finne feil og negativitet, ja, då ville verda blitt betre. " JUL, JUL, STRÅLANDE JUL - eg ynskjer det for alle, og eg håpar alle i kommunen får ei signerik julehøgtid.

laurdag, desember 05, 2009

KAFFIKOS PÅ MYKING

Heldige meg har fått vore med på kaffikos på Myking. Forrige søndag var det dekka til kaffikos i bygdehuset, flott stemning, god musikk og mat. Eg hadde ei fin stund ilag med kjekke folk. Er verkeleg imponert over alt dei får til i den bygda. Eit godt sosialt tiltak til glede for mange. Så hjarteleg takk Mykingbygda for at de lager istand slike gode møtepunkt. Eg er så glad i dykk alle! Ein spesiell takk til Erlend Kleiveland som ordna det slik at eg fekk vist bilder frå Peru på storskjerm. God helg folkens:)