onsdag, juni 27, 2007

Lat Gjervik leva


Idag les eg i Nordhordlands Avis om Gjervikbygda og entusiastiske bygdefolk som verkeleg engasjerer seg. Synes det er flott at der er folk som verkeleg står på og som ikkje gir seg så lett. Ta desse brødrene Reigstad t.d, som seier : " Vi kjem ikkje til å gje opp kampen, om vi så må til Oslo for å kjempa den..." FLOTT! Eg liker engasjerte mennesker. Ja, eg og ynskjer grøntareal for framtida. Eg ynskjer ei klar markagrense i Knarvik. Gjervik og Knarvik er snart ei bygd, og det er viktig å ta vare på det grøntarealet som er att. Eg vil gjerne høyre på dei som engasjerer seg i lokalmiljøet, ja, ikkje berre eg, men heile KrF gruppa ynskjer å ta folk på alvor. KrF - Lindås har i sitt partiprogram å definera og sikra friområda og nødvendig areal til leikemiljø og fritidsaktiviteter. Dette gjeld også for Knarvik og Gjervik og andre bygder i heile kommunen. Ellers står det om Knarvik: utvikla Knarvik som regionsenter og buområde. Friluftsinteressene må sikrast ved at friområda vert utvida og busettinga tettare.
Stå på Gjervikbygd..eg støttar dykk, vi må ha nok grøne lunger slik at vi kan i ein travel kvardag få rekreasjon for sjel og sinn! Vil du lese meir om dette så klikk innom bloggarkivet for mai "Ut på tur"...

4 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig enig med deg. Det må vera att grøntareal og bygdemiljø i dette området.

Anonym sa...

knarvik skal bli en by/stor bygd. Da kan vi ikke ha et stortgrønt område. Knarvik og gjervik kommer til og vokse sammen!

Anonym sa...

Det er klart at vi trenger areal som ikke er boligfelt og veier! Det å ha muligheten til å gå på tur i skauen er veldig viktig! Bra krf støtter opp denne saken.. og det er jeg sikker på at andre partier støtter også

Astrid Aarhus Byrknes sa...

det er klart at Knarvik og Gjervik kommer til å vokse sammen, desto viktigere blir det å bevare noe grøntareal og rekreasjonsområder.Ta Bergen t.d utan byfjella som tur og rekreasjonsområder så hadde Bergen vore mykje fattigere! Å blande næringsbygg og bustad bygg saman i Gjervik er ikkje noko å satse på, vi må finne gode areal for næring også, men kanskje ikkje rett i bebygginga!