tysdag, november 18, 2008

Budsjett 2009 innstilling klar


Så er budsjettmøtet ferdig og formannskapet har ei innstilling klar til kommunestyret. I fjor hadde fomannskapet ei samrøystes innstilling på investeringsbudsjettet, men for 2009 foreligg det no 3 ulike alternativ. KrF, H og FrP med si fleirtalsinnstilling er svært mykje lik opposisjonen. Det som skil oss er bygging av arbeidskyrkje i Knarvik. AP ynskjer å leggje ned 2 skular frå hausten av, og vil difor bruke den gevinsten til kvalitet i skulen. Ellers så går fleirtalet inn for å setje igong ein kommunedelplan for skule i 2009. Då skal ein sjå på heile skulen, noverande skulestruktur, kvalitet, nye skular, investeringsbehov på noverande skular etc.. Vi legg opp til ein grundig og god prosess med opne møter, høyringar, innspel o.l. Ingen skular er lagt ned i 2009, og vi skal heller ikkje konkludera kva som skjer frå 2010, det får vi ta når heile kommunedelplanen er ferdig. Vi er priviligerte I Lindås som no har så gode skatteinntekter frå verk og bruk. Då skal vi og passe oss for ikkje å bruke alt i drifta, men klare å setje av midler slik at vi kan investere og betale ned på renter og lån. Dess meir lån vi har dess mindre kan vi bruke i drifta. Vi går ei spanande tid imøte i Lindås, vekst og utvikling. Så vil vi i 2009 gå igong med eit omdømebyggeprogra. Der skal utabreidast overordna mål og VISJON for Lindås kommune. Dette ynskjer eg vi skal gjere i felleskap, organisasjonen Lindås kommune, politikarane og innbyggarane.Så er det med stor glede at vi no rustar opp Ostereidet symjebasseng og Terapibassenget i Knarvik.Vidare styrker vi kulturbudsjette med 1 mill.kr.til frivillege lag og organisasjonar, styrker ungdomskontakten i Knarvik senter og framleis er med og støttar opp om Lindåstunet. Eg gled meg til å ta fatt, og eg gler med til fortsatt vere med på utviklinga av Lindås kommune.

3 kommentarer:

Arnfinn Halderaker Husby sa...

Lykke til! Bømlobudsjettet er og snart i mål! Sjølv om det gjerne er knapt med midlar er det likevel ein del grep ein kan ta! Ønskje deg alt! Du er ein strålande representant for partiet og kommunen din!

Arnfinn Halderaker Husby sa...

Meinte å ønskje deg alt GODT!! Alt kunne jo vere så mykje det...

Astrid Aarhus Byrknes sa...

heisann. Takk skal du ha- Du og må ha lukke til med alt i Bømlo. Så skal vi heie på KrF framover mot valet...vi har alle ein kjempejobb å gjera. Alt godt til deg og.