laurdag, februar 21, 2009

GRATULERE MIDTGÅRD BEDEHUS-LEKNES

Idag har eg fått vore med på nok ein begivenhet. For 8.gong delte eg ut Leif Øksnes Minnefond. Styret i Minnefondet som består av foreldrene til Leif- Kari og Erling Øksnes, leiar i levekår May Eva Sandvik og dagleg leiar i NBK Ketil Porsmyr + meg - ordførar er styret for minnefondet.
Leif Øksnes døde plutseleg i 1999 berre 27 år gammal. Foreldrene hans oppretta eit minnefond og avkastninga av fondet skal delast ut kvart år til ildsjeler / frivillige i Lindås kommune. Idag var sjølve dagen, og dei som fekk prisen for 2008 var altså : BARNE OG UNGDOMSARBEIDET PÅ MIDTGÅRD BEDEHUS - LEKNES. Over 100 born og ungdom vert samla der gjennom heile veka til ulike aktiviteter. Kor, søndagsskule, torsdagsklubb, ungdomsklubb etc.. Ein stor flokk frivillige ildsjeler sørger for eit godt miljø. Frivillighet er sjølve LIMET i samfunnet vårt. Der er mange som gjer ein stor innsats. I Lindås er vi svært priviligerte som har så mange frivillege lag og organisasjonar. Desse må vi ta vare på. Som kommune og som politikar må vi sørge for at frivilligheten også har midler. Difor er det i dette års budsjett eit dobbelt så stort kulturbudsjett som ifjor. For 2008 måtte vi skjære ned på kulturbudsjettet for å få alt i balanse. Når vi no ser vi har eit betydeleg overskot, så visste vi ikkje det når vi laga budsjettet. Eg er difor glad vi har auka det for 2009, og eg vil fylgje nøye med framover korleis desse midlene blir brukt. Kom med gode innspel til kulturplanen, kom med innspel til kva som trengs av aktiviteter ute i bygdene våre. Vi politikarar er heilt avhengige av gode og konstruktive innspel. Eg kan sjølvsagt ikkje love at alt blir oppfylt, men eg skal love å ta med innspela, vurdere dei opp mot heilskapen i kommunen vår. Eg ynskjer å vera handlekraftig og likar utfordringar. Så no er de invitert til å koma med innspel til både kulturplanen og kulturmidlene. GOD HELG!