torsdag, mai 24, 2007

Vitamininnsprøyting

Så er eg nettopp komen heim frå ein tur til Solgården i Spania. Eg er så heldig å ha vore der i ei veke saman med 8 bebuarar frå sjukeheimen der eg arbeider til vanleg. Vi har opplevd mykje, og eg har sett korleis desse menneskene har kost seg, blitt oppløfta og hatt gode dagar. Det har vore ei viatmininnsprøyting. Ei av desse damene som var med på 93 år sa kvar kveld då ho skulle leggje seg : " Dette har vore ein vidunderleg dag ". "Her skulle vi vore alltid "


Livskvalitet, glede, trivsel og gode stunder. Våre eldre trenger det, også dei som er på ein sjukeheim. KrF ynskjer kvalitet i eldreomsorgen. Vi ynskjer meir enn medisin, pleie og omsorg. KrF vil leggje til rette for ein eldreomsorg der også kulturformidling, gode opplevingar, god mat og vidunderlige øyeblikk står i sentrum. Våre eldre trenger at nokon ser dei, gjev dei innhald i kvardagen. Personal med kompetanse trengs i eldreomsorgen.Vi treng fleire hender slik at vi verkeleg kan ha tid til den einskilde og ikkje erstatte menneskeleg kontakt med beroligande medisin og sovemedisin. KrF har fokus på eldreomsorgen, og det vil vi også ha lokalt her i Lindås. Eg skulle ynskje at alle fekk daglege vitamininnsprøytingar på våre sjukeheimar, dagar med gylne øyeblikk og glede i kvardagen.

5 kommentarer:

Anonym sa...

stjernestunder tenkjer eg...

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Absolutt stjernestunder Kari...du skulle sett dei!!

Byrknes sa...

Off, lite digg med sprøter

Byrknes sa...

sprøyter

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Men her er det ikkje snakk om sprøyter da...bare kjekke øyeblikk